Kjære missionsvenner av NLM
Tusen takk for å be for Japansk frelsen
Jeg heter Katsuhiro Igi
Jeg er pastor av Vest Japan Evangelisk Luthersk Kirke
Nor jeg arbaiter på Hiruzen Bible Camp
kansje det er vanskelig å snakke Norsk for meg
Så skall jeg snakke Japansk
Hjarteleg takk for invitasjonen til å vere med på denne misjonskampanjen for NLM.
Eg vart frelst og fekk ta imot dåpen for 20 år sidan, jula 1988 i Tottori Lutherske kyrkje. Før eg kom til kyrkja, hadde eg aldri høyrt frå Bibelen.
På den tida kom det misjonærar frå NLM til Tottori kyrkje. Frå desse misjonærane lærte eg kvifor Jesus døydde på krossen. Det var for å frelse meg, og eg lærte også at vi må forkynne dette evangeliet vidare til alle dei japanarane som enno ikkje kjenner Jesus.
Eitt av dei bibelversa eg mange gonger høyrde av misjonærane, var Joh. 3,16:
”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.”
Jesus vil ikkje at ei einaste sjel skal gå fortapt. Difor gav han sitt eige liv på krossen for å frelse oss.
Eg fekk også eit ønskje om å forkynne evangeliet sjølv. Vegen gjekk difor først til bibelskulen, og deretter til det teologiske seminaret i Kobe. For 10 år sidan byrja eg å arbeide i kyrkja. Men misjonsarbeidet i Japan er ganske vanskeleg, og det går ikkje så fort som vi gjerne skulle ønskje. På den tida byrja også talet på NLM-misjonærar å gå ned.
Neste år, i 2009, er det 60 år sidan NLM starta arbeid i Japan. Det var pastor Yada som inviterte Gabriel Eikli med desse orda: ” Det einaste som kan hjelpe Japan i kaoset etter krigen, er Kristi evangelium.”
Eg trur at denne bodskapen er like aktuell i vår tid, ja, eg meiner behovet for å drive misjon idag er blitt enno større enn for 60 år sidan.
Lat meg få presentere forholda i Japan.
Ei av NLM sine misjonærar i Japan skriv kvar veke ein rapport ifrå arbeidet på heimesida til NLM, og av og til også på sida for Hiruzen Bible Camp, der eg arbeider.
Eg trur ikkje det alltid er lett å skrive kvar einaste veke. Særleg trur eg det er vanskeleg å skrive om frukta av arbeidet på ei så tung misjonsmark.
Dei som ikkje kjenner så godt til Japan, kan kanskje tenkje at det er fånyttes å sende misjonærar til eit land der misjonsarbeidet ber så lite frukt. Men nettopp fordi det er eit land der det er vanskeleg å arbeide, akkurat derfor er det nødvendig med misjon. Dersom vi sluttar å drive misjonsarbeid fordi det er eit vanskeleg land, korleis vil det då gå med det landet? Dei tørstande sjelene vil hungre og tørste enno meir, og til slutt vil dei gå fortapt.
Lat oss sjå kva som står i Matt. 13,3-9:
Så tala han lenge til dei i likningar og sa: "Ein mann gjekk ut og skulle så.
Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.
Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snart opp fordi der var så grunt.
Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.
Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det.
Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, noko tretti foll.
Den som har øyro, han høyre!"
Kvar gong eg les desse orda, blir eg mint på kor vanskeleg arbeidet i Japan er. For misjon i Japan er som å så såkornet attmed vegen, på steingrunn eller mellom klunger.
I den japanske kyrkja kan vi planlegge mange ulike samlingar, men folk vil likevel ikkje kome til kyrkja. Nokre har det travelt på jobben og må arbeide både laurdag og søndag. Det er sjølvsagt ikkje fordi dei synest det er så kjekt å jobbe. Det er berre fordi dei har lyst på pengar.
Sjølvsagt treng vi pengar for å leve, men for mange japanarar betyr pengar alt, og mange lever for pengane. Men eg meiner at slike menneske har tatt feil av meininga med livet.
I tillegg tenkjer mange japanarar at religion er ikkje er viktig. Dei meiner dei sjølve har rett og høyrer ikkje på kva andre meiner.
Når det gjeld Japan, har vi overflod av ting. Skal tru om ikkje Japan er på førsteplass i verdssamanheng ikkje minst på området med manga (teikneseriar), teiknefilmar og TV-spel?
Men som følgje av slik påverknad er det mange som ikkje klarer å skilje mellom røyndom og fantasi, og det har også ført til drapssaker.
Det er også veldig mange som på grunn av den stadige jakta på nye ting, har sett seg sjølve i stor økonomisk gjeld, og det er ikkje ende på kor mange som tek sjølvmord fordi dei ikkje klarer å betale tilbake gjelda. I det siste har det vore så altfor mange tilfelle at sjølvmord ikkje eingong alltid kjem i nyheitene.
På denne måten har mange japanarar idag mist mål og meining i livet. Er det ikkje akkurat slike japanarar som har bruk for evangeliet om Kristus?
I Matt. 13 som vi nettopp las, lærer vi at det gode såkornet vil bere god frukt når det blir sådd i den gode jorda. Men det eg vil fokusere på her, er at såmannen også sådde i dårleg jord. Han tenkte ikkje: ” Det er heilt bortkasta å så i ei slik jord, så det er like godt å late vere” og dermed gav opp heile arbeidet. Nei, skal tru om han ikkje rett og slett visste at det var dårleg jord, men likevel heldt fram med å så?
Tenk for ei glede det vil bli om frøet spirer og veks opp, trass i eit slikt jordsmonn...
Eg trur at hjartet til denne såmannen i likninga liknar på Guds hjarte når han tenkjer på Japan.
Gud har heilt sikkert ikkje gitt opp at folket i Japan skal bli frelst. Om det ikkje var meir enn ei einaste sjel som ville bli frelst, så ønskjer Gud å nå det mennesket med sitt Ord.
Og Herren Gud ønskjer så gjerne at japanarane skal bli frelste at han gav sin einborne Son. Gud gir slett ikkje opp, for Han elskar Japan!
Difor vil eg be dykk misjonsvenner om at de må kjenne Guds hjartelag og be om frelse for det japanske folk! Sjølvsagt vil også vi kristne i Japan halde fram med arbeidet. Skal vi ikkje gå saman og be for misjonsarbeidet i Japan?
Den vesle bøna du ber, vil Herren velsigne hundre foll. Vil du også heretter halde fram i bøn for misjonsarbeidet i Japan?
Ein song til festferdene. Då Herren vende Sions lagnad, var det for oss som ein draum.
Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med fagnadrop. Då sa dei mellom folka: "Store ting har Herren gjort mot desse."
Ja, store ting har Herren gjort mot oss, og vi vart glade.
Vend vår lagnad, Herre, som bekkene i Negev!
Dei som sår med tårer, skal hausta med glederop.
Gråtande går dei og sår sitt korn, med fagnadrop skal dei koma og bera sine kornband.
Salme 126
Skall vi be
Takk for din ord
Takk for å be sammen med missionnsbenner av NLM
Takk for å gi missionære til Japan
Jesu navn
Amen